Ellen er død

5 0 0
                                    


Mikkel sit roleg på den sedvanlege plassen sin. I vinduskarmen. Det er det einaste staden kor han nokosinne har følt seg trygg. Han har sete på den plassen kvar einaste gong han blei redd for far si. Det hadde han gjort så lenge han kunne hugse. Dette var den einaste staden kor faren ikkje gadd å sjekke, den einaste staden kor han let Mikkel vere i fred. Som alltid så sat Mikkel der, sat med tårer i augo og ukomfortable klede. Faren hadde tvinga på han nye klede. Alt var for trongt eller for smått og låg berre feil på han. Han var for tynn, for lav, og nesa for stor. Alt var feil. Mikkel rev av seg kleda og drog den svære hettegenseren sin med regnboge over hovudet. Han sat seg ned i karmen igjen og såg trist utover byen. Derifrå hadde han perfekt utsikt over nesten heile New York. Det altfor lange, blonde håret fall i auga hans mens han såg ned og studerte dei travle menneska nede på gata under han. Dei raske bilane som suste forbi. Dei høye bygningane med lysande skilte. Alle der nede hadde ein hensikt. Menneska skulle kanskje til ein jobb, eller heim til familien sin. Alle hadde ein grunn til å eksistere, ein hensikt, men ikkje han. Kva ville skjedd no viss han berre opna vindauget og ga slepp på alt?

"Ellen!" Mikkel ble brått dratt ut av tankane sine. Det blei ropt ein gong til. Det var namnet hennar. Namnet til ein person som hadde døydd fleire år sedan. Det namnet og den personen som Mikkel hadde brukt dei siste åra av livet sitt på å gløyme. Det namnet som skada han innvendig kvar einaste gong han høyrde det bli sagt. Den personen som bar det namnet før, ho var borte. Ho var daud og kjem aldri til å vise seg igjen. Men likevel svarer han når faren roper. Han går likevel ned, kvar einaste gong, sjølv om kvart einaste fiber i kroppen hans skrik imot. Det svei i auga og han kjente tårar renne ned ansiktet. Han heldt opp hovudet og såg på faren gjennom tårevåte auge, men likevel med ein viss stoltheit. Som om han tenkte "Eg veit kva som kommer til å skje no. Eg veit kva du vil gjere, men eg veit også at eg er den eg er og at det aldri kan endrast. Uansett kor mykje du skadar meg." Han var klar. Klar for å møte slag, klar for å møte skriking og skuldingar som han alltid fekk høyre. Sjølv om han bad kvar einaste gong at dette kjem til å bli den siste, så var han klar.

Faren sto der og trampa med foten. Det som andre kjente igjen som eit snilt ansiktet hadde vridd seg til ein sint grimase. Det var uansett det einaste ansiktsuttrykket som Mikkel var kjent med. Faren brukte berre det snille ansiktet når andre folk var her, det var den einaste tida som han behandla Mikkel som ein faktisk person og ikkje som ei liten, forvirra jente som trur ho er ein gut. Midt i denne tankerekka, så skyldt ein bølgje av panikk over han. Faren hans heldt ein bok i handa, men det var ikkje ein vanleg bok. Det var hans private dagbok.

Det var mørkt ute, men det var som om boka skein med sitt eiga lys, nesten som ei lampe i handa til faren. Brystet til Mikkel stramma seg, og det blei vanskeleg å puste. Alt han hadde frykta i snart to år kjem til å bli verkelegheit om nokon få minutt. Endeleg så fekk faren alt han nokosinne hadde lurt på bekrefta. Ellen var ikkje Ellen lengre. No var ho Mikkel.

"Kva er dette?" Faren prøver å holde seg roleg, men Mikkel forstod at det ikkje kjem til å vare lenge. Han kunne alt sjå at ansiktet hans begynte å bli raudt. Då Mikkel ikkje svarte, så brast det for faren. Dagboka ble kasta på bakken med farens fulle kraft og landet rett føre føtene til Mikkel. Boka slokna og sider fløy ut. Den landet rett framfor Mikkel og han kunne kjenne heile sitt liv fly ut og bli revet opp. Det var den boka som heldt ham i live alle dei åra der alt var grått. Alle dei nettene der han gret i nettopp den boka i karmen. Den var som den forelderen han alltid ønsket seg. Dette var dropen som fekk begeret til å renne over. Raseriet kokte inni han, men det klarte ikkje å overvinne frykta for faren så han sa ingenting.

"Eg sa, kva er dette?!" stemmen hans vart høgare no. Det ble tydeleg vanskelegare å holde inne sinnet hans. Då Mikkel framleis ikkje svarte så krysset han heile rommet i to lange skritt. Han sto høgt over Mikkel rett i ryggen med knytte never og spurt endå ein gong. "Kva er dette, hæ?! Du kjem aldri til å bli ein mann! Veit du kvifor?! Fordi du er ei lita jente som trur at verda er enklare hadde du berre vært gut. Du vil berre ha oppmerksemd!"

Han satt punktum ved kvar setning ved å sparka Mikkel. Alle dei blåmerke som faren hadde tidelegare gjett til han verka, og alle gamle sår ble revet opp igjen. Han prøvde å skrike, prøvde å få faren sin til å stoppe, men ikkje noko kunne stanse han. Mikkel grin, han fekk ikkje puste og alt gjorde vondt. Etter kvart blei sparkane til faren sløvare og til slutt stoppet dei å kome. Dei blå auga til faren så på Mikkel med eit trist blikk før han gjekk tilbake til kjøleskapet.

Mikkel prøvde å reise seg, men med eit han kjem opp, så fall han saman i smerte. Tårane pressa på og det ble vanskeleg å sjå klart, men Mikkel klarte på eit eller anna vis å krype seg langs golvet og raske med seg alle arkene som låg strødd utover. Han visste at det berre var eit spørsmål om tid før faren kjem til å rope på han igjen for ein ny runde. Han kraup opp trappane og stabla seg på beina. Det kjendest ut som om han måtte spy, men han hadde aldri vore så målbevisst før. Dette var det han hadde venta på i alle disse årene. Dammen hadde endeleg brast.

Han sprang bortover loftsgolvet mot badet. Mot saksa. Han såg den gode, trygge karmen, der han hadde sete så mange gonger og venta på at raseriutbrota til faren skulle gå over. Der han hadde vært trygg. No skulle han aldri sitje der noko meir og berre vente på at alt skulle bli bra igjen. Nå skulle han gjere noko med det sjølv. Ikkje noko meir grining i karmen no. Han heldt opp saksen og så seg sjølv i vindauget. Han så dei blå auga som minnet han altfor mykje om faren. Han så den kroppen han aldri hadde vore nøgd med, som han dekka til med store kleder. Han så alt som han aldri hadde likt med seg sjølv, men no så han dem i eit nytt lys. Han såg mogelegheiter. Han såg ein hensikt. Mikkel tok opp haka og så på seg sjølv ein gong til. Tida var inne. Han løftet opp håret sitt mot saksen og klipte.

Ellen er dødWhere stories live. Discover now