Eg satt aleine i skulegarden og stirra opp i skyene då eg høyrde raske føter mot asfalten. Det var du. Eg hadde ikkje sett deg før, du måtte være ny. Du så så fri ut der du sprang, kva du sprang fra aner eg ikkje, det verka ikkje som om du visste det heller.
Du famn interessa mi, reiv meg fra dagdraumen min.
Kvifor reagerte eg sån?
Du stoppa ved meg. Du viste meg din interesse. Eg så ikkje kva du så i meg, eg ser jo ikkje noko interresant ut, eg berre sat i skulegarden og så ut i ingenting.
Men du så meg.
Du stoppa opp for meg.
Du snakka om ein fremtid som om du hadde nokon aning om kva du snakka om.
(Summer after highschool when we first met..)
Og eg høyrte på.
Resten av uka skjedde det sama. Eg sat ute i skulegarden og du stoppa opp for meg. Vi gjekk lange turar, du snakka og eg høyrte på. Eg beundra deg, eg beundra det lange bølgete håret ditt som fløg i vinden, eg beundra det glimtet i augna dine når du snakka om kunst, du var ein kunstnar. Du malte eit bilde for meg, du malte meg eit anna syn på korleis livet kunne vere så mykkje meir enn berre å sitte aleine i skulegarden i sjølvmedlidandet.
Du strøk håret mitt bak øyret mitt, eg raudnet og du gliste.
Det skjedde ofte, det, at du sa noko som fikk meg til å raudne. Du var stolt av deg sjølv for å gjere meg nervøs. Då prøvde eg å dekke dei raude kinna mine med den mørke luggen min, men du så det uansett, du så det alltid uansett.
Vi gjekk ofte ut i skogen eller ut på enger. Vi kunne vere saman frå soloppgång til solnedgång utan å bli lei av kvarandre og snakke utan stopp, eller berre ligge i stillheit mens eg høyrde på hjarteslaga dine.
Men det at medelevane mine så meg gå ut med deg kvar dag, hjelpte ikkje noko på dei homofobiske skjellsorda. Dei straum ut av kjeftane deres som spy.
Men når eg var med deg, forsvann alle stemmene til dei andre. Det einaste som spilte nokon rolle var meg og deg og at du stoppa opp for meg.
Vi heldt på sånn i fleire måneder og det kjende godt å ha ein ven. Eg hadde heilt gløymt korleis det var å ha ein sån. Heilt til ein dag, du ga meg eit kyss på leppene, det var fullt av lidenskap og eg var overaska over at eg ikkje svimte av der og da.
Eg spurte kvifor du gjerde det, det kjem jo ut av ingenting.
Du sa du måtte dra. Hjartet mitt sank ned i brystet mitt. Kva meinar du? Vi har jo mykje å gjere, som for eksempel å flette blomsterkransar og tolke draumar.
Du skulle flytte.
Kvifor? Eg trudde tanta di hadde bestemt seg for å bli her hvert fall i eit par år til. Hun hadde fått ein jobb i Tyskland. Kva faen!? Kva er oddsen?
Så forsvann du. Og eg var like aleine som før vi møttest.
Gud, som vinden kan snu.
ESTÁS LEYENDO
hvis strået var meg, og vinden var du
Historia Cortajeg er jævlig dårlig i nynorsk, så jeg beklager hvis folk som faktisk har nynorsk som skriftspråk blir offenda plis si ifra hvis dere finner skrivefeil:3