Busstoppet

75 1 0
                                    

Med dei slitte olabuksene og skoa utan lisser, stod eg der stille og venta på ein buss i kvitt som etter mine erfaringar skulle komme fire minuttar for seint. Det var ein heilt vanleg morgon med regn som stupte ned i frå skyene den gangen eg stod der. Eg hadde med meg busskortet i handa og stod og sparka stein mot søledammane i vegen. Bussen knirka litt då han kom, og eg gikk inn, trakk kortet i automaten og sat meg på det nærmaste setet eg kunne finne. Bussjåføren brumma da han greip fatt i rattet og trykka på gassen. Under heile kjøreturen følte eg dei sinte svarte solbrillene kikke ned på meg i frå spegelen. Musikken var eit einaste øredøyvande mas og den svingete køyringa gjorde meg irritert langt inne. Det er visstnok slik at når ein nettopp har vakna om morgonen så blir alle omgivnadene til fiendar.

Bussen hadde kjørt eit godt stykke då eg trykka på stoppknappen. Den virka ikkje. Eg banna for meg sjølv. Så trykka eg igjen, og så fleire gonger etterfølgt av ein annen. «Eg skal av her,» sa eg, men bussjåføren grav berre opp ei brødskive i frå sidelomma på setet sitt og kjørte vidare. Eg blei sittande og bite tennene saman då eg såg han kjøre forbi det busstoppet eg skulle av på. «Eg seter deg av med neste busstopp,» mumla bussjåføren gjennom det pistrete skjegget.  

Bussen stoppa ved eit svart busstopp som låg langt nedi ein grøftekant. Det ville vere eit lengre stykke å komme seg dit eg skulle, men det fikk berre vere. Tannlegen var ikkje noko eg hadde sansen for uansett, så det ville gjere seg godt å kunne bli så sein at eg fikk sleppe. Det var  likevel i det augeblikket eg vendte på hælen for å gå, at eg kjente ein handfull grus slå mot beina mine. Eg snudde meg brått og blei ståande og stirre inn i augo til ein framand gut. «Kva var meininga i det?» spytta eg ut og såg han krympe seg saman. Han kom nærmare. Eg undra meg over kva i all verden han tenkte på. Dådyraugo var som mørke tunneler  utan endar og det store mørket håret omkransa hovudet hans som ein busk. «Kan du hjelpe meg?» sa han med ein pipande stemme. «Dei kommer, dei kommer etter meg..»

Eg stod der rakrygga med hendene i lomma og førestilte meg kva han hadde rota seg oppi. Kanskje hadde han stjålet noko og ville ha meg til å hjelpe ham med å gjeme det før politiet kom. Den spinkle kroppen i fillete klede flytta seg stadig meir mot meg. Så løfta det litle mennesket hendene opp til ansiktet og folda dei som i ei bønn. Augo hans var våte. Den overfylte demninga rant snart over. Det var då eg såg dei. Bak ham kom ein gjeng svarte skikkelsar gåande. «Ee.. eg må til tannlegen nå. Eg kommer snart for seint,» mumla eg og begynte å gå i den retninga eg skulle gå. Om ikkje lenge kom nokon joggande bak meg og nappa i jakkeermet mitt. Det var den litle guten. «Eg ber deg..» Augo hans var enno større no og dei stirra så intenst på meg at eg følte meg innelåst i dei. Me gikk tilbake til busstoppet.

Gjengen kom – flytta seg sakte mot busstoppet og vakla i frå side til side med buksene nærmast nede på kne. Det var ingenting kult med dei, men heller noko skremmande over ansiktsutrykka. Dei såg på meg som om eg hadde komme meg eit sekund før dei over målstreken i eit kappløp. Dei vendte blikka mot guten – han som eg ikkje visste kva heite eller kva slags rolle han hadde i dette. Eg stilte meg berre opp framfor guten mens eg beit meg hardt i leppa. «Kva vil dykk?» sa eg. Eg prøvde å få det til å høyrast kvast ut. «Prøver du å beskytte han? Kva?» Ein hånlig latter brøyt ut i frå munnane deira. Han eine la hovudet på skakke og kom tett innpå meg. Han la hendene på skuldrene mine, og eg prøvde å rikke meg unna. Så blei eg distrahert av ansiktet hans som transformerte seg til ei stram og uttrykksløs maske. Med eit brøyt ein glefsande ulv det faste laget i maska, og kroppen hans slo meg ned med ei sterk kraft. Kva hadde eg rota meg oppi? Dei såg på meg eit sekund der eg låg prest inntil treveggen på busstoppet. Ved sidan av meg stod den litle guten omringa av nokon andre. Dei vendte alle mot ham og heldt han fast i armar og bein. Eg kunne springe i frå alt no. Eg hadde sjansen til å komme meg vekk og ikkje ha noko meir med dette å gjøre. I det eg sat armane i bakken og skulle til å løfte meg opp, kunne eg sjå ein av dei løfta ei hand i veret som han samla til ei knyttneve framfor guten. «Sei hadet, me er lei av deg no,» spytta han ut. Eg kjende korleis ei ising i ryggraden angreip meg då eg høyrde det. «Nei!» skreik eg og kasta meg over den litle guten. Eit eller anna – eg veit ikkje kva det var, kom brusande ut i armane og beina mine. Eg hoppa opp i frå den sittande stillinga og slo den eine bølla ned så naseblodet kom strøymande ut av nasen hans. Det rant ut som tårer av synd.

Eg blei ståande og betrakte kva eg sjølv hadde gjort i nokon sekundar, før eg tok eg tak i den litle guten og reiv han etter meg. Vi løp så føtene våre nesten ikkje syntes. Eg kjente at noko datt ut av den lause lomma mi, men eg tenkte ikkje noko meir på det. Det gikk så fort – eg veit ikkje kva som eigentleg skjedde. Pinnar og grus hoppa rundt oss, og eg høyrde dei komme etter oss – spriangande som ein flokk rovdyr. Det gikk ei lang stund før eg kunne merke meg ein stillheit bre seg øver dei trampande føtene våre. Eg stoppa både guten og meg sjølv brått, før eg snudde meg og såg dei stå nokon meter i frå oss. I handa til ein av dei var synet eg ikkje ville gløyme med det første  – mobilen min, den vesle verdifulle babyen min. «Du veit ikkje kva du har gitt oss nå,» ropte dei. «Me finner ut kor du bor. Du er neste!» Eg blunka hardt. Føtene mine bevegde seg ikkje. Så begynte gjengen å springe mot oss igjen. Den litle guten dulta til meg så eg falt ut av den stive posisjonen min.

Me fortsette å springe så pusten sverma rundt i halsrøret mitt nett som ein tornado svermar. Aldri såg me oss meir tilbake. Etterkvart sprang guten sin egen veg med eit band rundt munnen som vendte oppover i eit smil. Eg såg aldri noko meir til ham etter det.

Tannlegen hadde stramme lepper og eit drepande blikk då eg kom. Ho kikka ned på klokka si og deretter bort på meg. Eg sat meg berre ned i tannlegestolen og lukka augo. Eigentlig hata eg tannlegen, men nå var det meir som om den sutrete kjerringa var baderingen som hadde hjelpt meg i frå å drukne. Dagens tankar blei lagra i ein eigen dokumentmappe som hjernen min aldri har gitt meg lov til å slette. Eg lærde den gongen at ein ikkje alltid kan få fred sjølv viss ein skal gi andre fred. Men kvifor eg ende opp på dette busstoppet og kvifor stoppknappen ikkje fungerte akkurat i dag, nei det er eg ikkje så sikker på. Av og til skjer det berre ting som ein ikkje forstår samanhengen til. Eg trur at det er lagnaden. Eg trur at han gjemar seg bak meg på lur med ein kniv i handa og venter på det rette augeblikket.

You've reached the end of published parts.

⏰ Last updated: May 07, 2015 ⏰

Add this story to your Library to get notified about new parts!

NovellerWhere stories live. Discover now