NOVELLE

15 0 0
                                    

Smerte.
Det var alt eg kjente. Og hovudverk. Det kjentes ut som at nokon slo meg. Bank. Bank. Bank. Tinningen eksploderer nok snart. Kvar er eg? Kva har skjedd?

«Eg trur ikkje ho kjem til å overleve.»
«Er det ingenting anna dykk kan prøve?»
«Ho har alt for store skader innvendig. Organa hennar sviktar.»

Eg strakte ut fingrane og kjente på underlaget eg låg på. Det var mjukt. Eg låg i ei seng.
Eg høyrde skritt som kom imot meg. Nokon satt seg ned. Heldt meg i handa.

«Hei». Det var systera mi si stemme. «Eg saknar deg. Veldig mykje».

Eg opna auga for fort og blei møtt av et sterkt, kvitt lys. Neste gong opna eg dei litt meir forsiktig, og snart kunne eg skimte eit menneske. Ei jente. Systera mi. Ho satt med ansiktet vendt nedover. Eg lukka auga.

«Det er tre dagar sida ulykka. Kvar gong eg lukker auga..» Stemma falt bort. Ho gråt. «Eg får ikkje sove om natta. Alt eg tenkjer på er den forferdelige ulykka. Vi var rett bak dykk. Eg angrar på at eg tok deg med. Alt er min feil. Alt er min feil. Alt er min feil».

«Nei,» kviskra eg. Trykket rundt handa mi forsvann. Skritt som starta og forsvann. Eg høyrde stemmer som snakket lavt saman. Og så skritt igjen.

«Hei,» sa ei kvinnestemme. Eg opna auga og så på ho. «Så fint at du er vaken,» sa ho.

«Kva har skjedd?» spurte eg.

«Du har vore i ein bilulykke. Venane dine klarte seg ikkje.»

«Kvifor døydde dei da og ikkje eg?» fikk eg pressa fram.

«Har du smerter?»
Ho unngikk spørsmålet mitt. Eg nikka likevel.

«Eg kjem til å gi deg meir morfin og eg skal sei ifrå til familien din at du er vaken».

Neste gong eg opna auga sto familien min ved enden av senga. Dei smilte til meg, med tårer i auga. Eg klarte å gi dei eit smil, men det var alt eg orka. Kroppen min verka.
Den same kvinna eg snakka med i sted ga meg meir morfin.

«Kjem eg til å døy?» Ingen svarte meg. Eg tenkte på familien min. Og venane mine. Kva vil skje etter at eg er borte?

Eg kunne kjenne det no. Det kjentes som søvn. Den var ikkje mørk eller skummel. Den var lys. Forførande. Den lokket med fine, kjærlige ord. «Berre slepp taket». «Eg vil ta deg med til et betre sted». Nei! Ikkje enda. Eg høyrde noko. Frå eit sted langt, langt borte høyrde eg systera mi si stemme sei noko.

«Heldigvis fikk ho aldri vit..»

Kamu telah mencapai bab terakhir yang dipublikasikan.

⏰ Terakhir diperbarui: Jun 28, 2015 ⏰

Tambahkan cerita ini ke Perpustakaan untuk mendapatkan notifikasi saat ada bab baru!

en samling av teksterTempat cerita menjadi hidup. Temukan sekarang