(Så vi har skrevet enda en novelle på skolen, men denne er på nynorsk. Ca. halve er rettet)
Livet er som eit piano
Kvifor? Kvifor meg? Eg hatar det når folk i bøker seier akkurat det, men nå står eg her og seier det sjølv. Kvifor må eg gå igjennom dette? Nokon legg ei hand stivt på skuldra mi, men eg merkar det knapt. Eg vil berre gå heim, leggje meg under dyna, forsvinne for alltid. Rundt meg kan eg sjå folk, mange folk, men eg veit ikkje kor mange. Alle er kledde i svart og forsvinn nesten i natta. Eg hadde også gjort det, viss det ikkje hadde vore for den bleike huda og de innsunke kinna mine, lysande som fyrlykter no i mørket. Ein tåre renn nedover kinnet mitt.
Livet er som eit piano.
Eg kan plutselig føle minna komme boblande opp til overflataigjen. Livet er som eit piano. Dei kvite tangentane er glede, lykke og det gode. Eit lite pang av smerte former seg i brystet mitt. Mens dei svarte tangentane er triste ting... Eg kjenner smerta i brystet bli sterkare. Stopp! Eg orkar ikkje dette! ...Smerte... Hovudet mitt spinner. ...Og alt det andre vonde. Hjertet mitt følast som om det er blitt dratt ut av kroppen min. Eg er tom, nomen. Du kan helde deg unna smerta. Synet mitt blir uskarpt. Men viss du ynskjer å spille dei mest fantastiske og komplekse melodiane... Beina mine svikter og eg kan høyre eit skrik langt unna, men fortsatt nært. ...Må du også bruke dei svarte tangentane. Eg faller ned på bakken, men kroppen stopper ikkje der. Eg fortsetter å falle, nedover og nedover. Det blir mørkare og mørkare rundt meg. Hugs på det... Eg faller ned i det endelause mørket. Min lille ven.
Det er ein varm og solfylt sommardag. Nede ved vatnet leker tre små jenter med kvarandre. Den eine går bort til dei andre og kviskrar noko til dei. Dei nikkar og smilar, mens dei tittar bort på ei fjerde jente som sit under eit tre eit lite stykkje borte. Saman går dei bort til henne. Dei vil ha ho med i leiken.
Ho kan sjå dei komme mot henne og ho veit at det betyr trøbbel. Smila deira er snille og uskyldige, men augo deira seiar noko anna. Dei vil ha ho til å bade.
Vatn er det einaste ho kan sjå rundt seg. Vatn og atter vatn. Ho veit ikkje lenger kva som er opp og ned. Halsen brenner etter luft. Munnen opnar seg utan at ein einaste lyd kommer ut. Augeloka hennar blir tyngre, vatnet blir mørkare og mørkare-
Pip... Pip... Pip...
Det er lyst. Altfor lyst. Lyset brennar i augene og eg må lukke dem for ikkje å bli blenda. Det er helt kvitt. Ikkje ein einaste ting har ein anna farge. Det er også stille. Altfor stille. Det einaste som brytar den er den tunge pusten min og ein jamn piping.
Pip... Pip... Pip...
Ho sitter aleine. Rommet er fylt av lys og latter, god mat og drikke. Det er gove under treet og lys på bordet. Hovudet hennar er gøymd bak ein stor bok, for å skjule tårene. Som bekkar drøyper nedover kinna hennar. Ingen har snakka til henne heile kvelden, ingen har så mykje som sett på henne. Ho er usynlig.
Nå er rommet igjen fylt av latter og menneske. Treet er bytta ut med ein gigantisk kake med hennar namn på toppen og ballongar svevar rundt i rommet. Folk ler. Pratar. Hygger seg. Men i hjørnet sitter ho igjen. Aleine. Usynlig. Gløymd.
Det er stille. Natta held pusten sin, og fuglane har slutta å kviskre og prate med kvarandre. Månen lagar lange skygger i det tomme rommet. Det nesten tomme rommet. Ho sitter i hjørnet, skjult av eit piano. Tårene drøyper ned på golvet, men denne gongen er ho ikkje stille. Ho hulkar, gråtar, skrikar. Hjertet hennar følast som om det skal knuse. Halsen er tørr, augene raude. Men ingen kommer. Ho er aleine, som alltid.
Pip... Pip... Pip...
Igjen er eg blenda av lyset. Eg kan høyre dem prate. Uforståelig, men like fullt der. Skriking. Roping. Rasling. Piping. Lydane er mange og dei er høge. Eg vil helde hendene for øyra, men klarar ikkje å bevege dem. Dei er som limt til sidene mine. Så blir verden svart.
'Nei! Stopp! Stopp! Ikkje gjør det!' Ho kan sjå det. Det er rett før det skjer. Ho ser rundt seg i bilen. På alle de kjente ansikta ho aldri vil sjå igjen. 'Stopp!' ropar ho igjen, men heller ikkje nå høyrar dei på henne. Så er det for seint.
Piiiiiiiiiiiiip-
Det er stille, men samtidig ikkje. Verden ser ut til å gå i saktefilm. Ein døande kolibri er fanga i brystet mitt. Folk ropar og gråtar, men det er noko som manglar. Da veit eg det: pipinga. Den stødige, rolege, irriterande men fortsatt tryggjande pipinga er borte. Eg kan ikkje høyre den lenger. Eg følar seg svak. Utsliten. Kraftlaus. Aleine - men for ein gongs skyld gjør det ikkje noko. For nå kommer eg aldri til å vere aleine meir. Dette blir siste gong.
Pip... Pip... Pip...
ESTÁS LEYENDO
Noveller
Historia CortaDette er en samling små noveller. Den vil ikke bli oppdatert ofte, men hvert kapittel er en ny novelle. Hver gang jeg oppdaterer vil du altså få hele historien. Håper du liker dem :)