"Splasj, poff, krasj", hørte eg fra badet. Heldigvis var ikkje mamma hjemme. Ho hadde nok blitt illsint. Eg hadde vært så opptatt med dagdrømmane mine at eg hadde knapt merka at ho hadde reist seg fra senga min og gått til badet.
Eg hoppa opp og løp ut på badet. Å, nei!
"Beklager, eg skjønner meg ikkje på sånne fancy Winnipeg-vasker", sa ho fortvila.
"Det er fordi det ikkje er ein vask, det er eit automatisk toalett", svarte eg, sikkert enda mer fortvila, mens eg fort fikk skrudd av "den fancy Winnipeg-vasken". "Hvor gjorde du ditt?", spurte eg plutseleg. Ho pekte på vasken. Å, nei! Eg følte det var noko som ikkje stemte med ho. Ho hadde no vel sett eit toalett før. Eg lukka igjen lokket på toalettet så vannet som prøvde å hoppa ut av det, ikkje skulle komme heilt ut. Så snudde eg meg og såg på henne. Ho hadde hendene over ansiktet og rista. Eg hørte ho hulka. "Ta det med ro, vi ordner det", sa eg. Eg ville ikkje at ho skulle vera lei seg. Eg tok armane hennar sakte bort fra fjeset. Dei tårevåte kinna var røde. Dei triste augo såg sakte opp på meg.
"Det går fint", forsikra eg ho igjen.
Eg løfta hendene hennar opp og plasserte dem i nakken min. Dei føltes kalde og våte mot den glovarme nakken min. Eg såg den fortvilte jenta inn i augo hennar, og ho såg, fortvila og redd, inn i mine. Eg følte den utrolige følelsen igjen og kunne ikkje noko for det. Kroppen min tok liksom over, det var ikkje lenger hjernen min som bestemte, men hjarta. Det var som om hjarta kom, kidnappa hjernen min og tok over styringen av kroppen min. Det høyrdes heilt sprøtt ut. Så sa eg det rett ut. Hjernen mista makta over meg. Munnen min åpna seg, og eg prøvde, men det kom ingen lyd ut av munnen min. Eg prøvde litt hardere, eg bevega munnen, mens ho såg intenst inn i augene mine. Ho må ha tenkt at eg var heilt rar.
"Nei, nå gidd eg ikkje meir, nå går eg, og kroppen blir med meg. Dette er bare for flaut", kunne eg høyra hjernen min sei, men han kom seg ikkje utav sekken hjarta mitt brukte for å kidnappa han.
"Slipp meg fri då", ropar hjernen min, men hjarta mitt ville ikkje høyra.
Eg åpna munnen min igjen, og prøvde veldig hardt. Denne gangen gikk det.
"Det går bra, vi klarer dette saman. Du veit eg elskar deg, sant?", sa eg.
Så, heilt automatisk, lukka eg sakte augene mine, bøyde meg fram og kyssa henne. Først så ho litt forskrekka ut, og eg nølte litt, men så strakte ho seg opp på tå, og lot leppene sine møte mine på halvveien. Det var, om mogleg, ennå meir fantastisk enn eg hadde forestilt meg. Det var noko med ho som berre ikkje stemte, men på ein heilt vindunderleg måte, stemte Dei perfekt for meg. Ho var kanskje ikkje heilt som alle andre, men det gjer ikkje noko. Ingen liker ein klisjé uansett. Det er alltid dei nye og spennande forteljingane som slår an. Kanskje ho såg normal ut på omslaget, det var sikkert derfor ho ikkje hadde fått seg kjæreste for lengst, men på innsida var ho noko du, og alle andre, aldri har sett liknande. Heilt utroleg, det var ho. Eg putta armane ned på hofta hennar og drog ho nærmare. Eg kunne lukta kjærleika i lufta. Hadde det vært opp til meg, hadde eg stått her for alltid, tror eg. Men det var ikkje ein moglegheit.
"Eg er hjemme!", ropte mamma.
Min nye kjæreste sto og såg på emosjonelt på meg, da ho plutseleg såg ned på handa sin.
"Å, nei! Eg skulle ha vore hjemme for ein halvtime sidan. Mamma kjem til å bli kjempesur! Ta det med ro, eg hjelper deg med dette, og så spring eg hjem", sa ho stressa og begynte å plukke opp nokre sjampo-flasker.
"Nei, du spring hjem og eg tar meg av dette", svarte eg.
"Takk, eg elskar deg og", sa ho, strekker seg opp på tå, så leppene våre møtes ein siste gong, og løp ned. Eg høyrde at ho ropte "farvel!" til mamma før ho gjekk.
ESTÁS LEYENDO
Ikkje heilt som alle andre
RomanceEt spennende eventyr om den vanlige guten Marius og den mystiske nye jenta, som viser seg å ikke være helt som alle andre