Skogen

5 0 0
                                    

Vi hadde sprunge, krope og gått i fleire minuttar inn over i skogen nå. Trea var spinklare no, det var mindre blader og mindre nåler på dem. Vi måtte nærme oss midten. Vi var omlag halvegs gjennom skogen då det plutselig vart open eld mot oss. Vaktene hadde omringa oss. Eg snudde hovudet og koppen rundt for å leite etter ein utveg. Men det var ingen utveg her. Ettersom dei andre fangane datt i døden ein etter ein hang eg meg på. Men eg var ikkje skutt, eg var ikkje skada i det heile. Mitt håp var at dersom dei trudde eg var død ville dei ikkje leite etter fleire i skogen. Dei ville tru at alle var døde.

Eg hamna under nokre av mine næraste kamerater. No var det bare å ligge stille. Ikkje røre ein muskel, ikkje puste. Skotvekslinga avtok og vaktene kom for å telle kor mange dei hadde tatt no. Som eg håpte talde dei med meg og. Eg var trygg, vertfall for ei lita stund. Etter at vaktene hadde vert vekke ei stund begynte eg å krabbe roleg vidare mot gjerdet mot mål.

Død eller frihetWhere stories live. Discover now